Publisert 16.10.2017

Jordbruk i Myrkdalen

I Myrkdalen vert det drive husdyrhald på dei bruka som er i drift. Jorda gjev gode grasavlingar og her er gode fjellbeite.

Den viktigaste produksjonen er mjølkeproduksjon, men det vert og drive ein god del med sau og noko storfekjøtproduksjon.

Publisert 03.10.2017

Gamle bilete

Myrkdalen Ungdomslag er på jakt etter gamle bilete frå Myrkdalen. Me ynskjer gardsbilete frå heile dalen, og bilete knytta til ungdomshuset. Helst svart/kvit bilete. Har du avisutklypp eller anna som gjeld ungdomshuset, så er me interessert i det òg.

Matsalen vår er snart ferdig oppussa, og me ynskjer å pynta veggane der med gamle bilete. Dersom du har nokon bilete du trur passar til dette, så ta kontakt med Karina på telefon 48 24 73 42 :-)
Mvh. styret i MUL

Publisert våren 2017

Helsebote

Har du lyst på ein trimtur, men kjem ikke i gang? - No har du sjansen til å koma deg ut!

Måndag er fast turdag

 

    • Frammøte ved ungdomshuset klokka 10.30.

Helsebotè oppmodar karane i dalen til å bli med.

Kom dekan ut, folkens! - Heioghå!