Myrkdalen Ungdomslag
Myrkdalen ungdomslag vart skipa i 1904, og ungdomshuset bygd i 1928.
Laget har utgifter knytt til drift og vedlikehald av ungdomshuset.
Dugnadsånda i dalen er god, og gjennom aktivitetar som påskemarknad, vårfest og haustfest klarar laget å finansierera førefallande og faste utgifter.
Dei siste åra har ungdomslaget hatt mykje oppussingsarbeid i ungdomshuset. Mykje har vorte gjort, og det er framleis mykje som må gjerast. Bygdafolket er flinke til å stilla opp på dugnad, og andre lag og organisasjonar i Myrkdalen er flinke til å støtta ungdomslaget økonomisk, slik at denne type oppussing kan gjennomførast. Ein stor takk til dei!
Det er mogeleg å leiga undomshuset til ymse arrangement.
Utleigeprisane er:
- Ein etasje (+toalett): 800 kr (Utvask 800 kr)
- Heile huset: 1 500 kr (Utvask: 1 500 kr)
- Møte (og liknande): 200 kr
Ta kontakt med Karina Tveite på telefon 48 24 73 42 om de ynskjer å leiga ungdomshuset, eller har spørsmål om utleige.
Styret
- LEIAR: Simianne Jordalen
- KASSERAR: Gunn Hirth
- STYREMEDLEMER:
- Lisbet Hirth
- Tara Hirth
- Svanhild Marie Nybø
- Anne Mette Norekvål
- Leif Børge Sausjord