Landskapsparkar er unike natur- og kulturlandskap, avgrensa av felles kultur og identitetskjensle. Lokalsamfunn og næring vert utvikla i fellesskap slik at områda vert attraktive som bustad og besøksmål.
Ein Landskapspark må oppfylle landskapsparkane sine 10 bod:
Landskapsparkar er lokalt organisert med eigne vedtekter
Kulturlandskap, bygningar og kulturminne vert teke vare på og utvikla i samsvar med lokal eigenart, miljø, kultur og estetikk
Geoturisme er eit leiande prinsipp for reiselivsutvikling i parkane
I landskapsparkane er kulturlandskapet tilgjengeleg
Det vert selt og nytta lokale tradisjonelle matvarer og produkt - ”Mat med historie” – mellom anna av økologiske råvarer
Parkane har lokale kriterier for næringsaktivitet som bidreg til lokal verdiskaping.
Landskapsparkane arbeider for auka miljøforståing og formidling av natur- og landskapsverdiar
Historia bak landskapsparkane er ein del av deira identitet og merkevare
Parkane har eigne kvalitetsstandardar og medlemsavtalar
Landskapsparkane tek ansvar for eiga utvikling i møte med styresmaktene
Landskapsparkar er ein ny måte å tenkje på og krev mykje av deltakarane i prosjektet. I tillegg til pågangsmot trengst og lokalt engasjement, langsiktig og kvalitetsbevisst tenking.
Korleis kan landskapet bidra til å vere ein del av innteninga på garden? Dei ansvarlege i dei sju delprosjekta leverte i januar 2007 handlingsplanar der dei vart bedne om å skissere visjonar, ambisjonar og konkrete tiltak for prosjektet. Mykje spennande vil skje i parkane framover:
Ein sykkelsti frå Fykse til Finse, Landskapspleie AS på Stalheim, sanseleg Streif i Vikebygd, opplevingsturar i Åkrafjorden og nye fjellturar i Herand er berre noko av konsepta som skal verkeleggjerast i Landskapsparkane.
Sju bygder i seks kommunar (delprosjekt) i Hordaland er valt ut til å delta i verdiskapingsprogrammet for utvikling av "Landskapsparkar i Hordaland". Delprosjekta omfattar lokale organisasjonar og næringsverksemder, bygdelag, bedrifter, grunneigarar og andre entreprenørar. Bygdene er Herand, Fyksesund, Vikebygd og Åkrafjorden i Hardangerfjorden, Sæbø i Nordhordland, Stalheim og Myrkdalen på Voss.
Løyving av prosjektmidlar
Handlingsplanane vart vurdert av ei arbeidsgruppe hjå FMLA og lagt fram for prosjektstyringsgruppa 16.02.07 som etter nøye gjennomgang av delprosjekta konkluderte med følgjande fordeling av midlar. (vedlagt fordeling gjeld 2007, ny fordeling av midlar hausten 2007)
Landskapsparkane er svært forskjellige, noko som er ein styrke for prosjektet. Deltakarane får på den måten sjansen til å lære av kvarandre, av framskritt, blindgater i utviklinga, nye tankar og suksesshistorier. Det seier seg sjølv at trongen for midlar i bygdene er ulik også. Dei som ligg langt fremme er klare til å gjennomføre konkrete tiltak mens andre må jobbe med mobilisering og idéforankring i bygda.
Kontaktpersonar til kvar landskapspark finn ein på nettsida www.landskapspark.no.
Rådgjevar Dirk Kohlmann Tvedt, Fylkesmannen i Hordaland