Jordbruk

I Myrkdalen vert det drive husdyrhald på dei bruka som er i drift. Jorda gjev gode grasavlingar og her er gode fjellbeite.

Høying i gamle dagarDen viktigaste produksjonen er mjølkeproduksjon, men det vert og drive ein god del med sau og noko storfekjøtproduksjon.

Dei seinaste åra har ein del gardbrukarar lagt ned drifta. Jorda blir likevel driven vidare av andre bønder som satsar i større målestokk.

Sauer på beiteDert er og eit hønseri med sju tusen verpehøner i dalen.

Det dyrka arealet i dalen er på 2365 da. Mjølkebruka har ein samla kvote på vel 1.526.000 liter, og årleg vert det sleppt til fjells om lag 1250 sauer og lam.

I fjella rundt dalen har gardsbruka 17 stølar, men ingen av desse er lenger i tradisjonell drift.

Dalen har mykje lauvskog, og det vert drive ein del vedproduksjon. Her finst og noko planta gran som etter kvart no vert hogstmogen.