Garden Ulvund

Garden Ulvund i Myrkdalen har gardsnummer 265.

Frå gardssoga

Garden UlvundGardsnamnet Ulvund (Ulvin) kan etter stadnamnsgranskingane setjast i klasse med ”vin” nemninga. Dette tyder gardstun bygd på eit ope landskap omkransa av skogmark. Denne nemninga er rekna for å vera frå dei aller første busetnader, og Ulvund er difor rekna for å vera eit av dei aller eldste gardsnamna i Myrkdalen.

Garden har alltid vorte rekna for å vera svært tungdriven. Men dette har vorte oppvege av store og gode avlingar og god kvalitet på foret. Ulvund er den garden der våren kjem fyrst og sommaren varer lengst i Myrkdalen.

HesjestaurVerneverdig kulturlandskap

Landbruksforvaltinga oppretta i 1990 ei nasjonal liste over verneverdige kulturlandskap. Ulvund har, som eitt av to område i Voss kommune, stått på denne lista i frå starten av. I dette ligg det relativt stor prestisje, i alle fall i dei kretsar der slikt vert vektlagd. Ulvund sin plass har aldri vore omdiskutert og vil heller ikkje vera truga så lenge garden vert vedlikehalden som no. Særpreget ligg igamaldags driftsform, teigblanding, biologisk mangfald og lauveng.

Biologisk mangfald

SlåttSjølvsagt ulikt frå teig til teig, men gjennom gåande er det eit svært rikt planteliv på Ulvund. Biologar og botanikarar frå universitetet i Bergen har dei siste åra skrive fleire avhandlingar og oppgåver om den spesielle vegetasjonen. Det er fleire forekomstar av svært sjeldne plantar, samstundes som artsmangfaldet synest å vera ganske unikt. Dei beste plassane er det registrert opptil 40 ulike artar pr. kvaderat meter, noko som er svært sjeldan. Grunnen til det rike plantelivet er nettopp den gamaldagse driftsforma. Ljåslått, svært lite kunstgjødsel, beiting og den solrike og varme 
sørvende dalsida er mellom faktorane som spelar positivt inn i plantelivet. Det er mange som har plukka vårens fyrste bukett med villblomar på Ulvund!

Gamaldags driftsform

Det har vore prøvd med forhaustar på Ulvund…

Små traktorar, lette slåmaskiner, gode river, godt slipte ljåar og arbeidslyst er det som skal til for å vedlikehalda det særprega kulturlandskapet på Ulvund. Moderne maskiner klarer ikkje å ta seg fram i dei bratte og ulendte teigane. Timeløna har aldri vore noko å skryta av; kanskje har den aldri vore rekna på…

Men det er klårt at slik samfunnet har utvikla seg, er staten sin vilje til å yta stønad til å oppretthalda slike kultur landskap heilt avgjerande. Idealisme og staheit klarer ikkje bera det vidare.

Frå UlvundsliaKulturlandskap med særpreg

Det aller mest iaugnefallande i landskapet på Ulvund er dei mange styvingstrea og rydningsrøysene. Styving av tre, særleg alm og selje, føregår på seinsommaren. Då skjer 
ein av greinene på treet rundt det nedste greinfestet, brut dei opp i høvelege lengder og buntar dei saman i tjerv. Lauvstjerva turkast (ute eller inne) og vert ypparleg sauefor utpå vinteren. Særleg gode er slike tjerv å ha når eit dyr treng god mat i rekonvalesent etter sjukdom.

Rydningsrøysene har vorte lødde opp gjennom generasjonar, etter kvart som det vart dyrka nytt land. I det bratte lendet har dei det med å gli utover…

Difor treng dei jamnleg tilsyn og vedlikehald.

 

 


Born ved treVelkomne til Ulvund

Det kan vera mangt å finna på Ulvund for dei som er interesserte i planteliv og gamal gardsdrift. Og treng du litt restitusjon frå ein travel kvardag, då kan ein roleg tur i fint 
kulturlandskap gjera underverk.

Det siste året har det vorte gjort eit omfattande ryddingsarbeid i det nettverket av stiar som finst rundt Svolefjell. Dei vil ganske snart verta merka, skilta, og det vil verta teikna kart. Her vil det vera fine turalternativ, korte og lengre i flott terreng.