Lars Skjervheim
Spelemannen Lars Skjervheim vart fødd 20.november 1915 på garden Skjervheim i Myrkdalen. Han var av same ættetreet som meistarspelemannen og komponisten Sjur Helgeland. I barndomsheimen hans var det mykje felespel der fleire av dei fem syskena hans spelte fele.
Ni år gamal fekk han høyra og sjå han som skulle verta hans store førebilete, Sjur Helgeland. Spelet til sjur gjorde eit sterkt inntrykk på gutungen. Stundom fekk han låna fela til eine broren, men ikkje før han var 17 år, og etter lang sparing, fekk han høve til å kjøpa seg si eiga fele.
Etter kvart kom Lars i lag med spelemennene Eirik Bygd(1891-1936) brørene Sigurd {1889-1953} og Nils Borge{1892-1970} Dei hadde lært spel hjå Sjur Helgeland og vart såleis gode kjelder både for slåttetilfang og inspirasjon. Gjennom Lars og Sjur Helgeland var også tradisjonen etter ein annan namngjeten storspelemann frå Myrkdalen teken vare på, Anders Øyelson Hyrt (1777-1850)- eller ”Gamlehagen som han vart kalla. Lars tok godt vare på Haga- og Helgelandtradisjonen.
Lars tevla på landskappleik fyrste gong i 1947. Der fekk han 2.premie. Seinare tok han omlag 40 fyrstepremiar på ymse kappleikar. Han var heidersmedlem i Voss Spelemannslag, Sogn Spelemannslag og Landslaget for spelemenn, og han fekk stipend og premiar for fremjing av norsk folkemusikk. Han farta vide omkring med fela si; spelte i om lag 250 bryllaup, reiste på turnear med leikarringar til mange europeiske land, heldt konsertar rundt i Noreg og spelte på ein festival i Albert Hall i London.
I vaksen alder var Lars sers aktiv som læremeistar for yngre spelemenn. Lars var og komponist og av ut ein CD med ein del av stykka sine. Han var ein av dei få spelemennene som let trongen til å dikta slåttar og tonestykke, få utfalda seg. Sjølv sa han at inntrykk og opplevingar frå barneåra og ungdomstida i den fine heimbygda, Myrkdalen, gav han inspirasjon til slåttane. Slik som Lars var, godmodig, mild og kjenslevar, slik var også spelet hans; stemningsfullt og hjartegodt. Og slik var også slåttane han laga sjølv; stemningsbilete frå barndomstida, ei eventyrverd der hulder og tussar fekk leika i fantasien og gjera livet rikare.
Frå 1981 og fram til han døydde 29.januar 2003 budde han i den unelege heimen sin, Bogadraget, på Skjervheim saman med kona si, Ragnhild.
Han er gravlagd ved Vinje kyrkje.