Sjur Helgeland
Sjur Helgeland vart fødd i Myrkdalen 19.august 1858. Faren, Lars, kom frå garden Hirth og var spelemann. Noko til arbeidskar var han ikkje, og dertil eigedomslaus. Mora, Brita, kom frå ein gard på Helgeland, og foreldra lika ikkje at dottera ville gifta seg med Lars. Dei fekk sonen Sjur utan å ha noko fast plass å bu.
Truleg vart Sjur fødd på ein fjøslem. Fem år seinare fekk dei ein gut til og etter kvart også ei eiga stova. Gutane fekk ein god oppvekst. Det var eit godt og nært tilhøve mellom foreldra og gutane.
Alt i treårsalderen byrja Sjur å spela. Fela var ein kjepp med streng på. Snart fekk han ei likare fele, og no vart han teken godt hand om av faren. Då han vart større og fekk ei skikkeleg fele, spelte han seint og tidleg så han gløymde alt anna. Frå 12-årsalderen var han ein mykje nytta danse- og bryllaupsspelemann.
Som vaksen for Sjur kring på spelferder. Han råka og borti Edvard Grieg. Han sat gjerne og høyrde Sjur spela, og han skreiv ned mange slåttar av Sjur. Såleis har Sjur på mange måtar påverka musikken til Grieg.
Sjur Helgeland var komponist sjølv og. Den mest kjende komposisjonen hans er ”Dei tre
Budeiene på Vikafjellet.” Av andre komposisjonar kan nemnast ”Sivlefossen”, ”Jernbaremarsjen” og ”Heimlengt.”
Første landskappleiken vart arrangert i Bergen i 1896 av Vestmannalaget. Ikkje uventa vart kappleiken vunnen av Sjur Helgeland. Seinare vann han to førstepremiar til. Han heldt og konsertar mange stader. Berre ein gong kom Sjur til Oslo. Han hadde ikkje mykje hug til å gjera denne ferda, men så reiste han likevel innover. Inne på scena vart han svært nervøs og måtte takast ut att. Då han kom inn att, møtte han motstand frå salen, - han vart då berre ein ”bondespillemand.” No var nervøsiteten borte. Slåtten fekk tak i han og Sjur spelte! Fagnaden bruste mot han. Bladet Den 17.mai skreiv at det kunne gå fleire hundre år før dei fekk høyra eit slikt geni att.
På spelferdene leid Sjur ofte vondt. Han hadde lite pengar, og det kunne bli dårleg matstell. Skjenk vanka det ofte der han for.
Sjur Helgeland døydde 12.april 1924, like fattig på gods og gull som då han kom til verda, men musikken hans lever! Han er gravlagd ved Vinje kyrkje. Like ved riksveg 13 på Helgeland, ikkje langt frå der heimen hans var, står ein minnestein om meistarspelemannen.