Kort info
Lokale lag og organisasjonar har teke initiativ til etablering av denne nettstaden. Myrkdalen Grendalag er eigar av heimesida. Føremålet med nettstaden er å vera ein portal for fremjing av utvikling og trivnad i dalen.
Sjølv om det er mykje aktivitet i Myrkdalen på mange område, ser ein at folketalet går attende. Ungdommen flytter ut, og dei eldre sit att. Denne utviklinga ynskjer ein å snu. Derfor er det tilrettelagt nytt bustadfelt, og ein vonar at dette vil verka positivt på alderssamansetjinga framover.
Ein håpar at dei som søkjer aktuell informasjon om Myrkdalen, vil nytta seg av sidene våre. Derfor er det nødvendig at vi til ei kvar tid har informasjon å tilby. Vi tek gjerne mot stoff som det kan vera aktuelt å informera om.
Byggjefeltet
Ein vonar mellom anna at byggjefeltet på Mørkve vil medverka til dette.
Nærare opplysningar kan ein få ved å venda seg til Lars Kn. Mørkve på telefon 56522807 / 99770239.
Annonsar
Verksemder med tilknyting til Myrkdalen kan få annonsera mot ei rimeleg godtgjersle. Det kan dreia seg om korte annonsar med kontaktinformasjon eller ein kan få publisert heile sider med meir utfyllande informasjon eller reklame.
Pris for ei side er 600 kroner pr.år.
Ta kontakt på e-post eller telefon ...
- e-post: prbacker@gmail.com
- mobil 99 45 34 53